aktiv-eiendomsmegling
Velkomen til Storhaugtunet - Presentert av Elisabeth Nonås Fylkesnes i Aktiv Eiendomsmegling

Rossneset | 2 lekre 3-roms leilegheiter | 1 stk på 70 m² og 1 stk på 100 m² med gjennomgåande god standard. 6 av 8 selt!

  • 2 600 000
  • 2 soverom
  • PRISANTYDNING2 600 000
  • OMKOSTNINGER-
  • TOTALPRIS INKL. OMKOSTNINGER2 600 000
  • EIENDOMSTYPEProsjekter
  • EIERFORMEierseksjon
  • BYGGEÅR2 018
  • SOVEROM2
  • FELLESKOST./MND1 200
  • TOMT3 637 m²
  • EIERFORM TOMTFellestomt
  • 2 600 000,- (Prisantydning)

    Omkostninger

    --------------------------------------------------------
    2 600 000,- (Totalpris inkl. omkostninger)

    NB: Regnestykket forutsetter at det kun tinglyses ett pantedokument og at eiendommen selges til prisantydning.

Meld deg på visning!

Påmelding
2.etasje med selt og nummer

Storhaugtunet 5-19, Vestland

  • Storhaugtunet er eit område som er bygd ut i to byggetrinn.
    Det første byggetrinnet bestod av eit leilegheitstun med 4 einingar og felleslokaler, samt ei blokk med 9-einingar. Byggetrinn 1 vart bygd i 2015.
    Byggetrinn 2 består av ei leilegheitsblokk med 8 leilegheiter og ein tomannsbustad.

    Området er flott opparbeida med flotte natursteinsmurar, asfalterte vegar, grassbakkar og beplantning.

    Begge byggetrinna består av bustader i ulike storleikar, som passer ulike livsfasar

    Prosjektet er teikna av JK Arkitektur


    I prosjektet på Storhaugtunet er det eit variert utval av bustader.

    Gode kvalitetar i prosjektet, bl.a.:
    - Gjennomført og lekker arkitektur
    - God planløysing og høg kvalitet
    - Gode solforhold
    - Alt på eit plan
    - Store vindauge og mykje lysinnslepp
    - Uteplass og parkering
    - Kjekk plassering i eit roleg og etablert område.

    Kvar bustad er unik, og har sine framtreande kvalitetar. Me har skrive litt om kvar type i prospektet


    Leilegheit 2.etasje

    Leilegheitane inneheld:
    Entré og gang, stove, kjøken, 2 soverom, bad og teknisk rom. I tillegg er det walk-in garderobe på hovudsoverommet og ei utvendig bod i carporten.

    Velkomen inn!
    Det første som møter deg når du kjem inn i denne lekre bustaden er den fantastiske utsikta. Frå gangen ser ein inn på kjøkenet og vindauga som ikkje bare gir utsikt, men som gir leilegheita mykje naturleg lys.

    Entréen er romsleg, og her er det god plass til møblement til yttertøy og sko.

    Stova og kjøken
    I stova er det ei takhøgde på 2,60 m², som kombinert med store vindauge og fantastisk utsikt gir ei fantastisk romkjensle.
    Legg merke til den lekre detaljen med vindauge heilt inn i hjørna.

    Stova er av god storleik, og leilegheitene har ei planløysing som gir ei naturleg inndeling i rommet.
    Framfor kjøkenet er det god plass til kjøkkenbord, kor ein verkeleg kan nyte både utsikt og mat!

    Kjøkenet
    - kokkens territorium -
    Kjøkenet er eit flott kjøken frå Norema.
    Det er slette frontar. Kjøkenet har og ei kjøkkenøy, som både gir ekstra arbeidsplass og ikkje minst moglegheita til å nyte utsikt medan ein lagar mat.

    Det følgjer ikkje med kvitevarer i handelen. Desse kjøpes utenom.

    Det er totalt to soverom i bustaden.
    Hovudsoverommet er det største soverommet og har i tillegg eige rom til walk-in garderobe.

    Badet
    Lekkert og heilflisa bad med varmekablar i golvet
    Badet er romsleg og har nøytrale fliser på golv og vegger.
    Det er utstyrt med dusjvegger og vegghengt toalett. Baderomsseksjon frå Linn Bad med heildekkande vask, skuffer, spegel og lysarmatur.

    Innanfor badet ligg tekniskrom og vaskerom. Det er skyvedør inn til vaskerommet.
    Det er opplegg for vaskemaskin og tørketrommel.

    Terrasse
    Overbygd terrasse med storslått utsikt og gode solforhold. Her er det glasrekkverk som gir betre utsikt frå terrassen og ikkje minst meir lys inn.
    I tillegg er det ein terrasse på andre sida av bygget ved inngangspartiet. Her kan ein nyte morgonsola.

    Carport og utvendig bod
    I leilegheitene i 2.etasje kan ein parkere utanfor inngangsdøra i eigen carport. Det er i tillegg gjesteparkering på området om ein treng meir parkering.


    Leilegheitene i 1.etasje
    Velkomen inn!

    Det er flott tillaga med gangveg bort til leilegheitene. Her kjem ein inn i framkant av leilegheita og har ein stor uteplass ved inngangspartiet.

    Entréen er romsleg, og her er det god plass til møblement til yttertøy og sko.
    Det er varmekablar i golvet.

    Stova og kjøken
    I stova er det ei takhøgde på 2,5 m², som kombinert med store vindauge og fantastisk utsikt gir ei fantastisk romkjensle.
    Stova er av god storleik, og leilegheitene har ei planløysing som gir ei naturleg inndeling i rommet.
    Framfor kjøkenet er det god plass til etestove.

    Kjøkenet
    - kokkens territorium -
    Kjøkenet er eit flott kjøken frå Norema.
    Det er slette frontar. Kjøkenet har god skap- og benkeplass.
    Det følgjer ikkje med kvitevarer i leilegheita.

    Det er totalt to soverom i bustaden.
    Hovudsoverommet er det største soverommet og har i tillegg eit rom til eigen walk-in garderobe.

    Badet
    Lekkert og heilflisa bad med varmekablar i golvet
    Badet er romsleg og har nøytrale fliser på golv og vegger.
    Det er utstyrt med dusjvegger og vegghengt toalett. Baderomsseksjon frå Linn Bad med heildekkande vask, skuffer, spegel og lysarmatur.

    Innanfor kjøkkenet ligg tekniskrom og vaskerom. Det er skyvedør inn til vaskerommet.
    Det er opplegg for vaskemaskin og tørketrommel.


    Carport og utvendig bod
    I leilegheitene i 1 etasje kan ein parkere i enden av leilegheitene. I tillegg er det gjesteparkering på området om ein treng meir parkering.
  • Leilegheitene i byggetrinn 2 er ferdigstilt.
  • Rossneset er eit nyare bustadområde som er bygd ut dei siste åra. Ein har flotte turløyper i området og kort veg til sjø og båthamn.
    Nærmaste daglegvarebutikk er Rema 1000 som ligg 1,6 km frå bustaden og det er ca. 2,2 km til Larsen Handelsbygg med Spar Fitjar, sportsbutikk, klede, gåver og leiker.
  • Frå Fitjar: Køyr mot Sandvikvåg og følg skilting til Rossneset, avkøyrsel på venstre side.
    Prosjektet ligg på høgre side.

    Det vil bli satt opp AKTIV-visningsskilt under fellesvisning.
  • Leveransar vert utført i samsvar med gjeldande forskrifter. Teknisk forskrift TEK'10 er gjeldande for dette prosjektet. Der ikkje anna framgår av kontrakt, skildringar eller teikningar, gjelder Norsk Standard NS 3420 normalkrav til toleransar for ferdige overflater i bygningar, ref. fellesbestemning del 1.

    Innvendige overflater:
    Golv: Lysbeisa einstava eikeparkett i alle opphaldsrom
    Veggar: Gipsveggar

    Bad
    Golv: Fliser
    Vegger: Fliser
    Utstyrt med: Dusjvegger og vegghengt toalett. Baderomsseksjon frå Linn Bad med heildekkande vask, skuffer, spegel og lysarmatur.
  • Sjå oversikt i prisliste
    P-rom Frå 70 m² til 100 m²
    BRA: 73,4 m² til 109,9 m²

    I tillegg kommer areal for carport og bod.

    Arealberekningane er angitt i samsvar med målereglane i Norsk Standard Veileder til NS 3940 og retningsliner for arealmåling.

    Berekningane er utført av arkitekt/utbygger og er oppmålt etter teikningar, datert 20.03.2015. Areala i salsoppgåva og anna marknadsføringsmateriale er oppgitt i bruksareal (BRA) og er å sjå som eit omtrentleg areal.

    Storleiken på dei einskilde rom kan avvike noko, slik at eit rom kan bli større og eit anna bli mindre. Det kan oppstå mindre avvik mellom teoretisk og verkeleg areal. Bruksarealet (BRA) er arealet innanfor leilegheitenes omslutta vegger inkl. eventuell innvendig bodareal. Bodareal i kjellaren er ikkje medrekna. Arealet som er oppgitt på dei enkelte rom er romma sine netto golvareal. Ein kan derfor ikkje summere romma sine nettoareal og få fram bruksarealet.

    Dei oppgitte areala i marknadsføringa er å betrakte som eit stipulert areal. Partane har ingen krav mot kvarandre dersom arealet skulle vise seg å være 5 % mindre/større enn marknadsført areal.'
  • Tomta er opparbeida i henhald til utomhusplan, med dei krav som framgår av reguleringsbestemmelsane i forhold til opparbeiding av eventuelle gangstiar, leikeplassar og grøntareal.

    Tomta til sameige er på 3.637 m²
  • Det følger med parkeringsplass til alle leilegheitene.
    13 og 15: Carport utanfor inngangsparti
    7 og 9: Carport ved leilegheit 1.
    19: Parkeringsplass på nivå med 2.etasje, med gangveg ned til inngangsparti og skjerma hage.

    Felles gjesteparkering
  • Det er ei utvendig bod til kvar av leilegheitene.
    I tillegg er det ei stor fellesbod.
    Her vert bl.a. grasklyppar og utstyr til felles bruk oppbevart.
    Elles er det "førstemann til mølla" for lagring av dekk etc.
  • " Sentralstøvsuger
    " Varmepumpe

    Det er ikkje med kvitevarer i handelen.
    Desse kjøpes utenom.

    Det følgjer med kvitevarer i visningsleilegheita.
  • Det er innlagt fiber i alle leilegheitene.
    Tilkoblingsavgift for fiber er kr. 2.500,-
    Sjå Fitjar Kraftlag.no for meir informasjon.
    https://www.haugnett.no/privat/priser/fitjar-kraftlag-prisliste/

    I leilegheit 9 og 19 er det koblet opp allereie, og tilkoblingsavgifta er her på kr. 500,-
  • Balansert ventilasjon med varmegjenvinning
    Varmepumpe

    Varmekablar på bad.

    Varmekablar i gang/ entré i leilegheiter 1. etasje
  • Bustadane er ferdigbygd, og det er ikkje tilvalsmoglegheiter tilknytt kjøpsprosessen.
  • Utomhusarealet er flott opparbeida med asfaltert veg, murar og beplantning.
    Utomhusområdet er opparbeida iht. områdeplanen.
  • Frå 2.650.000,- til 3.600.000,-

    Sjå vedlagt prisliste for oversikt over pris og omkostning for kvar enkelt leilegheit.
  • Som ein del av det samla vederlaget skal kjøpar i tillegg til kjøpesummen betale følgjande omkostningar:
    - Dokumentavgifta utgjer 2,5 % av salsverdi for einingar som er tatt i bruk og 2,5% av tomta sin salsverdi for einingane som ikkje er tatt i bruk.
    Sjå vedlagt prisliste med oversikt for kvar av leilegheitene. Det tas forbehold om endring i gebyrer, tomteverdien og dokumentavgift på tinglysingstidspunktet.
    - Tinglysingsgebyr for skøyte kr. 525,-
    - Tinglysingsgebyr og attestgebyr for kvart pantedokument kr. 525,-
    - Gebyr for panteattest kr. 172,-

    Dokumentavgift bereknast av andel tomteverdi. Me gjer oppmerksam på at det er tomta sin verdi på tinglysingstidspunktet som vert lagt til grunn for avgiftsberekningen. Opplyst dokumentavgift er berekna ut frå dagens antatt tomteverdi. Justering av dokumentavgifta kan forkomme og det er kjøpar som ev. er ansvarleg for mellomlegget. Det tas atterhald om endringar i offentlege avgifter og gebyrer.

    Sjå vedlagt prisliste for oversikt over pris og omkostning for kvar enkelt leilegheit.
  • Det vert etablert eit sameige for betaling av felleskostnader for felles forsikring av bygget, felles straum, vedlikehald av fellesareal mm.

    Felleskostnadane for leilegheitene er stipulert til mellom kr. 1200,- til 1500,-

    Felleskostnader skal fordelast mellom sameigarane etter samegiebrøken med mindre særlige grunner taler for å fordele kostnadane etter nytten for den enkelte bruksenhet eller etter forbruk.
    Felleskostnadene omfatter blant annet:
    - Offentlege og kommunale skatter og avgifter for sameige
    - Forsikring
    - Strøm til oppvarming og belysning av fellesareal
    - Renovasjon
    - Renhold, vedlikehold og drift av parkeringsanlegg, grøntanlegg, miljøstasjon
    - Forretningsførsel og regnskapsføring
    - Vaktmestertjenester
    - Gartnertjenester
    - Snøbrøyting fellesareal
    - Eventuelt andre felles utgifter for sameiet

    Angivelsen av felleskostnader er ikkje uttømmende, og er blant annet avhengig av kva tenestetilbod samegiermøtet eller sameigestyret bestemmer for sameiget.
  • Kommunale avgifter faktureres direkte fra kommunen og er ikke inkludert i felleskostnadene beskrevet ovanfor. Kommunale avgifter blir fastsett av kommunen etter ferdigstillelse, og faktureres direkte.
  • Eigedomsskatten er ikkje taksert pr. dags dato. Skattesatsen er 3,2 promille av takstgrunnlaget for bustader og fritidseigedomar ifylgje "Rammer for arbeidet med eigedomskatt 2020". Eigedomsskatten blir fastsett av kommunen etter at leilegheitene er ferdigstilt og overtatt, og blir fakturert direkte saman med kommunale avgifter.
    Tala er henta i februar 2021, og det er ikkje kome nye satsar for 2021.
  • Med mindre anna er avtalt vert det føresett det at kjøpesum inkludert omkostningar er innbetalt og disponibelt på meglerforetakets klientkonto innan overtaking.
  • Kostnader med eigedommen som ikkje knyttar seg til den enkelte brukseininga, skal hovudsakelig fordelast mellom sameigarane etter sameigebrøken.

    Kjøpar sine rettar som medlem i et sameige følgjer av Eierseksjonsloven "Lov-2017-06-16-65, Lov om eierseksjoner." og vedtektene. Sameige har pantesikkerhet i kvar seksjon for ubetalte krav og forpliktelsar ovanfor sameige (legalpant, dvs. ikkje tinglyst pant), i samsvar av Eierseksjonslovens § 31.

    Det vert gjort merksam på at ein berre kan erverve to bustadseksjonar i sameige, med unntak av erverv av fritidsbustad.
  • Forretningsførar: Sameige sjølv
  • Dersom ein rasjonell forvaltning av fellesareal eller offentleg myndigheit krever det, kan selger etablere velforening eller lignende som kjøper og/eller eierseksjonssameiet skal vera medlem av. Kostnadene ved forvaltning av slikt fellesareal vil bli fordelt på medlemmene.
  • Seljar har utarbeida utkast til vedtekter for sameige
  • Det er tillat med dyr
  • Det ligg ikkje føre offentlegrettslege reglar som er til hinder for utleige av eigedommen.
  • Etter overtaking skal sameiget teikna egen forsikring for bygningane som inngår i sameiget. Seljar skal sjå til at sameiget har teikna slik forsikring før han avviklar sin forsikring. Kjøpar er forplikta til å teikne eigen innbu- og lausøyreforsikring frå overtakelse.
  • Leilegheitane vert levert fri for pengeheftelsar med unntak av legalpanteretten til fordel for Sameige med heimel i Eierseksjonslovens §31. Det er ingen fellesgjeld i prosjektet.

    Leilegheita vert overtatt med påkvilande servituttar mv. Kopi av grunnboka følger med som vedlegg. Utskrift av tinglyste servituttar kan lesast hos meklar.

    I tillegg aksepter kjøpar at det på leilegheita kan påheftast servitutter/erklæringer som måtte bli påkrevd av offentlig myndighet, deriblant erklæring som regulerer drift og vedlikehald av fellesområder, og drift og vedlikehald av energi nettverk m.m.

    Seljar forbeholder seg retten til å tinglyse eventuelle servitutter/erklæringer han måtte ønske for hensiktsmessig å kunne gjennomføre utbygningen av eigedommen. Heftelsane følgjer eigedommen ved sal.

    Frå hovedbruket som eigedommen er frå delt frå, kan det være tinglyst servituttar/erklæringar som blir overtatt av kjøpar.
  • Storhaugtunet 7
    Gnr. 65, bnr. 450, snr. 2 i Fitjar kommune

    Storhaugtunet 9
    Gnr. 65, bnr. 450, snr. 1 i Fitjar kommune

    Storhaugtunet 13
    Gnr. 65, bnr. 450, snr. 7 i Fitjar kommune

    Storhaugtunet 15
    Gnr. 65, bnr. 450, snr. 6 i Fitjar kommune

    Storhaugtunet 19
    Gnr. 65, bnr. 450, snr. 4 i Fitjar kommune
  • Offentleg veg, vatn og avløp
  • På eigedommen sitt grunnboksblad er det kun registrert seksjonering.
  • Eigedommen ligger i eit område regulert til bustader-blokker. Plan-ID "Hamn, del av gnr. 65, 67 og 68.
  • Det er ikkje konsesjon på eigedommen.
    Det er ikkje odel på eigedommen.
  • Grunnlaget for kontrakt mellom selger og kjøper er bestemmelsene i bustadoppføringslova - alternativ avhendingslova - alt etter om kjøpet er foretatt i byggetiden eller etter ferdigstillelse.
  • Kjøpar blir gjort oppmerksam på at alle skisser, frihands- og oversiktsteikningar i perspektiv, annonser, bileter og planer er foreløpige og utforma for å illustrera prosjektet. Dette materialet vil derfor innehalde detaljer - eksempelvis beplantning, innreiing, møblar, tekst og andre ting - som ikkje vil inngå i den ferdige leveransen, og er ikkje å sjå som en del av avtalevilkåra for kjøpet. Slike avvik kan ikkje påberopast som mangel frå kjøpar si side.

    Seljar tar i detaljprosjektering atterhald om mindre endringar av utomhusanlegg og fellesareal.

    Seljar held seg rett til å leige ut, endre salsprisane og betingelsar på uselde leilegheiter utan forutgåande varsel.

    Seljar held seg rett til å forkaste eller akseptere bod utan å måtte grunngje dette.
  • Alle eiendommer som selges/leies ut, skal ha energiattest. Unntak gjelder blant annet for frittstående bygninger med bruksareal mindre enn 50 m2. Det er selger/utbyggers ansvar å innhente lovpålagt energiattest for leiligheten, med en energiklassifisering på en skala fra A- G. Dersom utbygger/selger ikke har fått utarbeidet energiattest og merke på grunnlag av byggets tekniske leveranse, må disse senest i forbindelse med utstedelse av ferdigattest for leiligheten.
  • Aktiv Eiendomsmegling samarbeider med Tysnes Sparebank, som kan tilby gode finansieringsløysingar. Ta kontakt med meklar eller sentralbord: 534 30 300
  • Aktiv Eiendomsmegling tilbyr gratis verdivurdering for kjøparar i prosjektet. Ta kontakt for å avtale tidspunkt for befaring.
  • Havnehagen as
    Karl Andreas Sandvik
    Rannveig Ottestad
    Svein Sandvik
Elisabeth Nonås Fylkesnes

Megler

Elisabeth Nonås Fylkesnes

97 06 16 85

Send e-post

Få beskjed når lignende
boliger kommer for salg

Få en verdivurdering

Siste boliger

Meld deg på vårt nyhetsbrev