aktiv-eiendomsmegling
Velkomen til Vestlio 2, byggetrinn 1 - eit nytt prosjekt frå Odd Hansen Prosjekt as på Vestlivegen | Presentert av Elisabeth Nonås Fylkesnes i Aktiv Eiendomsmegling 
Illustrert bilete, avvik vil forekomme
Velkomen til Vestlio 2, byggetrinn 1 - eit nytt prosjekt frå Odd Hansen Prosjekt as på Vestlivegen | Presentert av Elisabeth Nonås Fylkesnes i Aktiv Eiendomsmegling Illustrert bilete, avvik vil forekomme

STORD Brotåsen

VESTLIO | 1 nye og lekker leilegheit på Vestlio | 6 leilegheiter med 5 selt | Burettslag

  • kr 922 500 - 1 175 000
  • Priser fra og tilkr 922 500 - 1 175 000
  • Andel Fellesgjeld fra og tilkr 2 767 500 - 3 525 000
  • Andel Innskudd inkl. fellesgjeld fra og tilkr 3 690 000 - 4 700 000
  • Omkostninger fra og tilkr 23 032 - 23 032
  • Total inkl omkostninger fra og tilkr 3 713 032 - 4 723 032
  • Felleskostnader per måned fra tilkr 12 481 - 16 502
  • Areal primærareal - fra og til0 - 117 m²
  • Areal bruksareal - fra og til0 - 123 m²
  • Tomt2 250 m²
  • EierformAndel
  • MatrikkelGNR. 22 BNR. 242
  • Informasjon om meglerforetaketAktiv Eiendomsmegling avdeling Stord Hamnegata 2 5411 Stord
  • OppdragsansvarligElisabeth Nonås Fylkesnes
  • Oppdragsnummer1504235002
  • Dokumentavgifta vert berekna av tomteverdi. Det er verdien på tomta på tinglysingstids punktet som vert lagt til grunn for avgiftsberekninga. Opplyst dokumentavgift er berekna ut frå dagens antatte tomteverdi. Det kan komme justering av dokumentavgifta, og det er kjøpar som er ansvarleg for mellomverande. Det vert tatt atterhald om endringar i offentlege avgifter og gebyrer. Som ein del av det samla vederlaget skal kjøpar i tillegg til kjøpesummen betala følgjande omkostnadar: Dokumentavgifta er estimert til kr. 15.000,- pr. leilegheit. som utgjer 2,5 % av tomta sin salsverdi på tinglysingstidspunktet for den enkelte seksjon. P.t. er tomteverdien anteke å vera kr. 600.000,- pr. andel. Det vert tatt atterhald om endring i gebyrer, tomteverdien og dokumentavgift på tinglysingstidspunktet. -Dokumentavgift 15.000,- -Andelskapital kr. 5.000,- -Etableringskostnad Bate kr. 2.000,- -Tinglysingsgebyr for skøyte kr. 430,- -Tinglysingsgebyr og attestgebyr for kvart pantedokument kr. 430,- -Gebyr for pantattest kr. 172,- -Omkostnadar totalt kr. 23.032,

Meld deg på visning!

Påmelding
I framkant av leilegheitane vert det ein kjekk terrasse på rundt 14 m². Deler av terrassen vert overbygd. Illustrert bilete

Brotåsen, Vestland

  • Om prosjektet
    Drøymer du om ein ny bustad? Første salstrinn i Vestlio 2 vil bestå av 6 flotte leilegheiter med gode planløysingar, god standard og ikkje minst herleg utsikt. Du og dine får kort veg til servicetilbod og turløyper, samstundes er du omringa av nydeleg natur. Jo tidlegare i byggjeprosessen ein kjøper bustad, jo fleire endringar og tilval kan ein gjera slik at den nye heimen din er tilpassa akkurat dine behov Bustadane er i ulike storleikar, men har føljande fellestrekk: - Entré med vassboren varme. - Open stove- og kjøkkenløysing med utgang til altan og med vassboren varme i golvet. - Bad med fliser på golv og vegg i dusjssone, vassboren varme. - Vaskerom/bu med golvbelegg på golv og med vassboren varme. Moglegheit for å velga fliser på golv som tilval. - 2 soverom. - Eigen utvendig sportsbu på ca 5 kvm. - Terrasse med utgang frå stova. Felles for alle bustadane i prosjektet er gjennomgåande gode kvalitetar, moderne løysingar og smakfull innreiing. Det er også 5 rekkehus (eigen annonse) i samme byggetrinn. Store vindauge og open romløysing Alle bustadane har ei open stove og kjøkenløysing. Det er store vindaugsflater i front av kvar bustad, som gir både flott utsikt og godt med lysinnslepp. Miljøbesparande, rimeleg og effektiv oppvarming Alle bustadane har balansert ventilasjon med varmegjenvinning og vassboren varme i entré, stove, kjøken, bad og vaskerom/bu. Det blir listefritt mellom tak og gipsvegg, og kvitmalte golvlister langs golvet. Romslege bad og walk-in garderobe Leilegheitane har romslege bad med bad og vaskerom saman, samt ekstra toalettrom. Det vil bli 2 soverom i leilegheitene. Sjå prisliste og prospekt for komplett oversikt over bustadane. Terrasse, uteområde og fellesareal Alle bustadane har kvar sin terrasse. Bygget er vinkla slik at terrassane vert så usjenert som mogleg. Terrassane er på ca 14 kvm. Kvar leilegheit får parkeringsplass. Rekkehusa får carport ved eigen bustad. Uteområdet og fellesareala vil bli opparbeida iht. utomhusplanen. Det kan bl.a nemnast at det blir ferdigplen og beplanting på fellesområde. VERDT Å MERKE SEG - Storslått utsikt og gode solforhold - God planløysing - 2 soverom - Sentral plassering - Kvitevarer inkludert - Fastpris og ingen stressande bodrunde - Låge omkostnader - Burettslag med fellesgjeld - Vassboren varme i entré, stove, kjøken, bad og vaskerom/bod Prosjektet er utvikla og blir selt av Odd Hansen Prosjekt AS.

    Priser fra og til
    kr 922500 - 1175000

    Omkostninger fra og til
    kr 23032 - 23032

    Generell orientering
    Prosjektet er utvikla og blir selt av Odd Hansen Prosjekt AS. Utbyggjar Odd Hansen: Godt handverk er vårt livsverk Etter over 30 år i bransjen har me i Odd Hansen bygd mange kvalitetsbustadar på Haugalandet og i Sunnhordland. Kjøper du en bustad frå Odd Hansen, vel du tryggleik, pålitelegskap og kvalitet. Odd Hansen har med bygginga av store bustadprosjekt som Hatlandsåsen, Smedasundet 1, Innseilingen, Beverskaret og Åkrasanden Atrium til no realisert nærare 800 leilegheiter. Med Vestlio 2 gler både me og våre mange samarbeidspartnarar oss til å endå ein gong levera arbeid til toppkarakter og bevisa vår pålitlege gjennomføringsevne. Bygger Odd Hansen din leilegheit, er du og dine i trygge handverkarhender og kan flytta inn i ny bustad med låge skuldre og høge forventningar

    Garasje/parkering
    Parkering på oppmerka utvedndige p-plassar. Rekkehusa får carport i tilknytting til eigen bustad

    Boder
    Utvendig bu på stipulert 5 m². Sjå leveranseskildring for detaljer om bua.

    Fremdriftsplan og ferdigstillelse
    Forventa framdrift frå ein startar byggjetida er 18 mnd. Sjå atterhald for å setje i gang bygging. Bustaden, med unntak av utom husareala, er planlagt å vera ferdigstilt i løpet av 2. kvartal 2025. Det er planlagt oppstart i løpet av 4. kvartal 2023. Dette er føreløpige anslag og utbyggjar søker å ferdigstilla prosjektet så raskt som mogleg. Vestlio er eit utbyggingsområde som skal utviklast over fleire byggetrinn. Byggetrinn 1 - 5 rekkehus (eiga annonse) og 6 leilegheiter Byggetrinn 2 - 6 leilegheiter Byggetrinn 3 - 6 leilegheiter

    Tomteareal
    2250m²

    Fellesareal/utomhus/infrastruktur
    Stor fellestomt på 2.250 m². Tomta vert opparbeida i samsvar med vedlagte utomhusplan, med dei krav som framgår av reguleringsføresegnene i forhold til opparbeiding av eventuelle gangveger, leikeplassar og grøntareal. Det framgår av leveranseskildringen at: Alle trafikkerte område som vegar og parkeringsområder vil få fast dekke som kombinasjon av asfalt og betongheller, dette gjelder også områder ved utvendig bod og fram til inngangsdørene. Området utenom vil bli planert, raket og isådd plenfrø og områdene nærmast bygget vert beplanta med ferdigplen. Det er også beplantning i fellesområde. Sjå elles vedlagt leveranseskildring frå utbyggjar. Tomta vert disponert av andelseigarane iht. Burettslagsvedtektene. Det er ikkje konsesjon eller odel på eigedommen. Fullstendig ferdigstilling av fellesareal og utearealer kan ikke påregnes ut ført samtidig med innflytting. Den einskilde kjøpar overtek sin leilegheit og bruksretten til fellesareal samstundes, og hans reklamasjonsperiode for denne totalleveransen vert rekna frå og med overtaking. Felles synfaring av fellesareal/uteareal er gjennom ført mellom entreprenør og styret i burettslaget, (så snart anlegget er ferdigstilt.) Tomta vert opparbeida i samsvar med vedlagte utomhusplan, med de krav som framgår av reguleringsføresegnene i forhold til opparbeidelse av eventuelle gangstiar, leikeplassar og grøntareal.

  • Andre oppholdsrom
    Soverom leiligheiter: 2 soverom Etasjar: Leilighetsbygget får 2 etasjar med leilegheiter. Eigarform: Burettslag

    Konstruksjon
    Leveransar vert utført i samsvar med gjeldande forskrifter. Teknisk forskrift TEK?17 er gjeldande for dette prosjektet. Der ikkje anna framgår av kontrakt, skildringar eller teikningar, gjeld Norsk Standard NS 3420 normalkrav til toleranser for ferdige overflater i bygningar, ref. fellesbestemming del 1. Byggskildring/leveranseskildring skal angi kva teknisk standard prosjektet blir levert med, samt førebels angi kva komplett leveranse etter kjøpekontrakten inneber. Dersom det ikkje er teke inn spesifiserte føresegner i kjøpekontrakten, gjeld følgjande krav: - Dei tekniske løysingane skal tilfredsstille plan- og bygningslovgivninga, medrekna krava i teknisk forskrift - Toleransar på utført arbeid skal tilfredsstilla normalkrav jfr. Norsk Standard NS 3420. Sjå ellers skildring frå utbyggar

    Ventilasjon
    Balansert ventilasjon med varmegjenvinning.

    Kabel-tv/bredbånd
    Det er trekt fiberrør inn i svakstrømskap og montert mottakar frå Altibox. Kjøpar er sjølv ansvarleg for bestilling av oppkobling og kostnad i samband med dette. Inngår i felleskost.

  • Info om eiendomsskatt
    Det er eigedomsskatt i Stord kommune. Skattesatsen er 3,6 promille for bustader og fritidseigedommar pr. mars 2023. Ein gjer merksam på at det kan kome endringar i regelverket knytt til eigedomsskatt. Berekninga av eigedomsskatt kan vera avhenging av om bustaden er primær eller sekundær. Spørsmål om kommunal eigedomsskatt skal rettast til kommunen. Eigedomskatt er inkludret i felleskostnadane frå kommunen.

    Info om formuesverdi
    Likningsverdi vert fastsett etter ferdigstilling i samband med første likningsoppgjør. Likningsverdien vert fastsett med utgangspunkt i ein kvadratmeterpris som årlig vert fastsett av Statistisk Sentralbyrå. Likningsverdien for primærbustader (der bustadeigar er folkeregistrert per 1. januar) og sekundærbustader (alle andre bustader man måtte eie) vert fastsett etter forskjellige brøk. For meir informasjon sjå www.skatteetaten.no.

    Velforening
    Dersom ei rasjonell forvaltning av fellesareal eller offentlige styresmakter krev det, kan seljar sørge for etablering av velforeining eller liknande som kjøpar og/eller andelseigarane blir pliktig medlem av. Forsikring Heile byggeprosjektet vil bli fullverdiforsikra fram til overtaking. Forsikringa gjeld også materialer som er tilført leilegheiten, jf. bustadoppføringslova § 13 siste ledd. Ved brann- eller anna skadetilfelle tilfall er erstatningssummen seljar, som snarast mogleg plikter å gjenoppretta skaden. Etter overtaking skal burettslaget teikna eiga forsikring for bygningane som inngår i buretts laget. Seljar skal sjå til at burettslag har teikna slik forsikring før han avviklar sin forsikring. Kjøpar er forplikta til å teikne eigen innbu og lausøyreforsikring frå overtaking

    Tilbud på lånefinansiering
    Ta kontakt med meklar for å avklara finansielle forhold og spørsmål knytt til lån til kjøp av bustaden og finansieringsbekreftelse. Aktiv Eiendomsmegling samarbeidar med Tysnes Sparebank, som kan tilby gode finansieringsløysingar. Ta kontakt med meklar eller sentralbord: 534 30 300

    Organisasjonsform
    Burettslag ? ei fordelaktig buform Kva vil det sei å bu i et burettslag - og kva kan du eigentleg hente på å velja eit burettslag framfor eit sameige? Den fyrste fordelen er at det er låg dokumentavgift til staten. Ved kjøp av nyoppført burettslag er det berre dokumentavgift av tomteverdien, og ikkje kjøpesummen. Kjøper du ein brukt bustad, utgjer dokumentavgifta normalt 2,5 prosent av kjøpesummen. For ein bustad verdt 4 millioner, vil det sei heile 100 000 kroner. Her er det mykje å spare. Burettslag Med burettslag er det meint eit samvirkeføretak som har til føremål å gi andelseigarane bruksrett til eigen bustad i føretakets eigedom (burett). Som eigar av ein burettslagsleilegheit så vert dette omtala som andelseigar. Fellesgjeld er eit langsiktig lån som er tatt av burettslaget, med pant i burettslaget sin eigedom. Som andelseigar i eit buettslag betalar ein ned sin del av fellesgjeld gjennom dei månadlege felleskostnadane. Burettslag har strengare reglar mtp. utleige iht. burettslagsloven. Om livssituasjonen gjer at ein har behov for å leiga ut, så er dette mogleg, men det er ikkje tiltenkt for dei som kjøper. Hovudregelen vedr. utleige er at ein må ha budd i bustaden sjølv i minimum 1 år. Kven bestemmer i eit burettslag? Generalforsamlinga er det øverste bestemmande styresmakene i burettslaget. Generalforsamlinga skal haldast innan utgangen av juni kvart år. Her velger ein eit styre, som skal har ansvar for drifta og forvaltninga av eigedommen, og det som skjer i den daglege drifta. Dette skal vera i tråd med både burettslagslova, vedtektene og andre beslutningar som generalforsamlinga har bestemt. Burettslaget har også ein kontaktperson hos forretningsførar som støttar og hjelp styret. Forretningsførar for burettslaget er eit eksternt selskap som driv med utelukkande forlavting og utbygging av eigedommar. I Vestlio 2 er det BATE boligbyggelag som vert forretningsførar. Som andelseigar mottek du ein faktura kvar mnd. for felleskostnader. Om ein lurer på fellesgjeld etc. er det forretnignsførar som har kontroll på dette. Forretningsførar bistår også burettslaget i påminning om roller som styret har, og gir påminning på det som likningsdetaljar og regnskap BATE Bate har over 75 års erfaring med bygging og forvalting av burettslag. Bate styre med å ivareta god økonomi og drift, og er ein engasjert rådgivar i spørsmål om alt frå branntryggleik til vedlikehald. Som medlemsorganisasjon er Bate ikkje bare opptatt av å levera attraktive tenester, men og å skape gode nabolag og trivelege bumiljø. Mindre «gjennomtrekk» Burettslag er også eit bra val for deg som ønsker eit godt og stabilt bumiljø. I burettslagsloven er det lovregulerte restriksjonar for utleige, som avgrensar utleige til maks 3 år. Det gjer bustadane mindre attraktive for investorar som kjøper for å leige ut, og ein får dermed mindre «gjennomtrekk» av naboar. Fellesutgiftene rommar mykje Fellesutgiftene i et burettslag er ofte høgare enn i sameige, og det er det gode grunnar til. Fellesgjelda utgjer den største forskjellen: Burettslag blir nemleg delvis finansiert gjennom innskot frå kjøparane og delvis gjennom felles lån for alle andelseigarane. Din andel av lånet inngår i fellesutgiftene dine. I tillegg inkluderer felleskostnadane kommunale avgifter og eigedomskatt, i tillegg til løpande kostnadar for vedlikehald, eventuelle vaktmeistertenester, tv, internett og andre goder. Attraktiv fellesgjeldordning Attraktiv fellesgjeldsordning, der ein fordelar kjøpe summen mellom innskudd og fellesgjeld. Det kan for mange bety at ein treng eit mindre personleg lån, og med vidaresal så følger fellesgjelda leilegheita og ikkje privatpersonen. Mange førstegangskjøparar opplever det som lettare å tre inn i bustadmarknaden når dei ikkje behøver å ta opp eit like stort personleg lån. For kjøparar som sel ein bustad dei eig frå før, kan fellesgjeldordninga gi større fleksibilitet. La oss til dømes sei at ein vil flytta frå eit hus verdt seks millionar til ei leilegheit verdt sju millionar. I eit burettslag vil innskotet typisk vera ein del lågare enn seks millionar kroner, og ein får dermed frigjort kapital. I eit sameige vil ein sjølv måtte skaffe til veie den ekstra millionen som ein del av finansieringa. Smidigare vedlikehald På lang sikt kan det være behov for oppgradering eller vedlikehald av bygningsmassen. Som burettslag er det enklare å ta opp lån for dette, då ein kan ta sikkerheit i bygget. Her får du - Godt bumiljø - dei fleste kjøper for å bu. - Gunstig finansiering med 10 års avdragsfritak - Handlingsfriheit - du bestemmer sjølv om du vil ha, eller nedbetale heile eller deler av fellesgjelda. ? Garantiordning knytt til inndriving av felleskostnader - lågare risiko for den enkelte bebuer. - Moglegheit for utleige i inntil 3 år frå overtakelse eller dersom kjøper har bebudd leilegheita i eit av de to siste åra. - Ingen dokumentavgift ved resal.

    Lånebetingelser fellesgjeld
    Spesifikasjon av lån - Handelsbanken Lån: kr 34 087 500,- (føresett at det utgjer 75% av verdien) Rente: 5,99% Nedbetalingstid: 40 år (10 år avdragsfritt) Etablering: kr 10 000,-

    Vedtekter/husordensregler
    Eigedommen blir organisert som eit burettslag, og alle leilegheitene vil inngå i eit burettslag. Burettslaget består i første omgang av 11 bustader, men kan utvidast til å omfatta salstrinn 2 som består av 12 bustader. Det er utarbeida er førebels utkast til vedtekter for burettslaget. Utkastet er rettleiande og vil kunne bli endra i samband med organiseringa av burettslaget. Burettslaget har BATE som forretningsførar. Burettslaget vil bli leia av eit styre som blir valt bland andelseigarane. Dette styret skal ivareta alle saker av felles interesse for andelseigarane. Vedtektene vil innehalde føresegner om rettar og plikter for andelane som sikrar ein formålstenleg rett til bruk og rimelig kostnadsfordeling disse imellom.

  • Tinglyste heftelser/rettigheter
    Heftelsar/servitutter Leilegheitene vert levert fri for pengeheftelsar med unntak av legalpanteretten til fordel for buretts aget med heimel i Burettslagsloven §5-20. Pantet er begrenset oppad til 2G (G = folketrygdens grunnbeløp). Det blir fellesgjeld på kvar andel. Leilegheita vert overtatt med påkvilande servituttar mv. Kopi av grunnboka følger med som vedlegg. Utskrift av tinglyste servituttar kan lesast hos meklar. I tillegg aksepter kjøpar at det på leilegheita kan påheftast servitutter/erklæringer som måtte bli påkrevd av offentleg styresmakt, deriblant erklæring som regulerer drift og vedlikehald av fellesområde, og drift og vedlikehald av energi nettverk m.m. Seljar forbeholder seg retten til å tinglyse eventuelle servitutter/erklæringer han måtte ønske for hensiktsmessig å kunne gjennomføre utbygginga av eigedommen. Heftelsane følgjer eigedommen ved sal. Offentlege forhold Kjøpar aksepterer at det på eigedommen kan påhefta servituttar/erklæringar som offentlege styresmakter kan krevje deriblant erklæring som regulerer drift og vedlikehald av fellesområder, og drift og vedlikehald av energi nettverk m.m.av eventuelle gangstiar, leikeplassar og grøntareal.

    Midlertidig brukstillatelse og ferdigattest
    Mellombels bruksløyve/ferdigattest skal leverast til kjøpar ved overtaking. Det er ulovleg å ta leilegheita i bruk utan ferdigattest eller mellombels bruksløyve. Kjøpar har ingen plikt til å overta eller innbetale sluttoppgjer før minst mellombels bruksløyve føreligg. Dersom kjøpar likevel vel å overta, er det ulovleg å bu i bustaden/ta bustaden i bruk (ein kan flytte inn møblar, men ikkje overnatte). Å bu i ei leilegheit utan bruksløyve kan medføra krav om utflytting og eventuelle bøter frå kommunen. Ved å velje å overta stopper eventuelle krav om dagbøter.

    Adgang til utleie
    Burettslagslova inneberer at du bl.a kan leige ut bustaden ved midlertidig behov for å flytte, til dømes i forbindelse med jobb eller utdanning i ein anna by. Det er viktig at styret og forretningsførar er opplyst om kven som bur i bustaden din. Derfor skal styret i burettslaget godkjenne utleigeperioden og leigetakaren. Dersom de generelle vilkåra er oppfylt, kan styret berre avvise utleiesøknaden din ved sakleg grunn, som til dømes at leigetakaren er ein person som burettslaget tidigare har hatt problem med. Seljar ønsker å praktisere ein liberal utleigepraksis iden perioden seljar er representert i styret i burettslaget. Styret vil derfor i denne perioden også kunne gi samtykke til å leige ut leilegheita i inntil 3 år frå overtaking. Utover dette er utleigeregulert av vedtektene.

    Vann, vei og avløp
    Eigedommen er tilknytt offentleg veg, vatn og avlaup via private stikkleidningar. Alle arbeider og kostnader for veg, vatn og avløp er inkludert i kjøpesummen.

    Reguleringsplan og rammetillatelse
    Eigedommen ligger i eit område regulert til bustader-konsentrert småhus. Plan-ID 201205 Vestlio gnr/bnr 22/190 m.fl

    Legalpant
    Borettslaget har legalpant i andelen for opptil 2 G (folketrygdens grunnbeløp). Pantet dekker borettslagets krav på felleskostnader samt andre krav borettslaget måtte få mot andelseieren. Kommunen har legalpant i eiendommen for forfalte krav på eiendomsskatt og kommunale avgifter/gebyrer.

  • Lovanvendelse
    Grunnlaget for kontrakt mellom seljar og kjøper er bestemmingane i bustadoppføringslova - alternativ avhendingslova - alt etter om kjøpet er føretatt i byggetida eller etter ferdigstilling. Avtaleforholdet er underlagt føresegnene i lov av 13. juni 1997 nr. 43 om avtaler med forbruker om oppføring av ny bustad (bustadoppføringslova). Bustadoppføringslova brukar skildringa entreprenøren og forbrukaren, mens her bruker uttrykka seljar og kjøpar om de same rollene. Bustadoppføringslova sikrar kjøpar rettigheter som ikkje kan innskrenkast i kjøpekontrakten, jfr. Bustadoppføringslova § 3. Prosjektet rettar seg mot forbrukarar som ønsker å erverve bustad til eige bruk. Bustadoppføringslova kjem ikkje til bruk der kjøpar vert sett som profesjonell/investor, eller når bustaden/leilegheita ferdigstilt. I slike tilfelle vil handelen i hovudsak regulerast av lov om avhending av fast eigedom av 3. juli 1992 nr. 93 (Avhendingsloven). Seljer kan likevel velje å selje etter Bustadsoppføringslova. Avhendingslova er ufravikeleg ved forbrukarkjøp av nyoppført bustad som ikkje har vært brukt som bustad i meir enn eit år på avtaletidspunktet, dersom seljar har gjort avtalen som ledd i næringsvirksomhet. Handelen er juridisk bindande for begge parter ved bodaksept. Det vert føresett at skøytast tinglyses på ny eigar. Dersom kjøpar ikkje ønsker ein heimelsoverføring av eigedommen til seg, må det tas atterhald om dette i bud. Interessentar og kjøpar godtar at seljar og meklar bruker elektronisk kommunikasjon i salgsprosessen.

    Salgsbetingelser og kjøpetilbud
    Forbrukerinformasjon ved innsending av bindande bodskjema Prisene på leilegheitene er fastsatt, sjå vedlagt prisliste. Leilegheitene vert seld etter ?førstemann til mølla? til den fastsette prisen. De som ønsker å kjøpa leilegheit i prosjektet må fylla ut budskjema i prospektet eller bruk elektronis bodløysing, via meklar. Ta kontakt med meklar for å få tilsendt link til budlenke. Dette er ei enkel og sikker løysing som lar deg signera bodet elektronisk ved hjelp av BankID. Kontakt meklar for meir informasjon. Overnemnde betyr at det ikkje er tradisjonell ?bodrunde? og fristar ved kjøp av leilegheit i dette prosjektet. Kjøpar vil få utlevert bodjournal, i bodjournalen vil det stå registrering bodfrist som formalia. De som ønsker å kjøpe leilegheit i dette prosjektet må, før innlevering av budskjema, ha hatt kontakt med en finansieringsinstitusjon som kan bekrefte finansiering på innleveringstidspunktet. Seljar atterheld seg retten til å endre priser på uselde leilegheiter. Ved aksept av bod det ansett som ein bindende avtale om kjøp som inngått. Avtalen vert inngått på bakgrunn av opplysningane i salsoppgava med vedlegg og eventuelle atterhald (forbehold) i bod. Salsoppgava med vedlegg og akseptbrev fungerer som mellombels kontrakt inntil kjøpekontrakt er utarbeida og signert. Kjøper si undersøkelsesplikt Leilegheita skal være i samsvar med krav stilt i lov eller i medhold av lov og som er gjeldende på tidspunktet for søknad om rammetillatelse. Leiegheita kan ha mangel dersom kjøper ikkje får opplysning om forhold som selger kjente eller måtte kjenne til, og som kjøper hadde grunn til å rekne med å få. Tilsvarende gjelder dersom leilegheita ikkje svarer til opplysning som er gitt i annonse, salsoppgåve eller annen marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjelder likevel bare dersom man kan gå ut fra at opplysningen har innvirket på avtalen og at opplysningen ikke er rettet i tide på en tydelig måte. Kjøpar kan ikke gjøre gjeldende som mangel, forhold kjøper kjente eller burde blitt kjent med før avtaleinngåelsen. Kjøpar har sjølv ansvaret for å setta seg inn i salsoppgåva, reguleringsplaner, byggeskildringar og dokumentasjonen som kjøpar har fått tilgang til. Dersom utfyllende/supplerende opplysningar er ønskeleg, bes kjøpar henvende seg til meklar. Kjøpar har ingen rett til å reklamere på grunnlag av tilhøve som kjøpar er blitt gjort oppmerksam på, eller som kjøpar på tross av oppfordring har unnlat å sette seg inn i. Kjøpar vert oppfordra til å ta kontakt med meklar dersom noko er uklart, og det vert presisert at det er viktig at slike avklaringar finner stad før bindande avtale om kjøp av bustad vert inngått. Kjøper kan ikke gjøre gjeldande som mangel, forhald ved leilegheita kjøper kjente eller burde blitt kjent med før avtaleinngåelsen. Det vises for øvrig til bustadoppføringslova kap. IV. Garantier Straks etter avtaleinngåing skal seljar stille garanti for oppfyllelse av sine forpliktelsar etter avtalen, jf. bustadoppføringslova. § 1 eller avhl § 2-11. Dersom seljar har teke atterhald. Garantien er pålydande 3 % av kjøpesum i byggeperioden fram til overtaking. Beløpet vert deretter auka til 5 % av kjøpesummen og gjeld i fem år etter overtaking Garantien gjeld som sikkerhet både for sjølve leilegheita, og for ideell andel i fellesareal, utvendige arealer, ev. parkeringskjeller, medrekna ferdigstillelsen av disse. Dersom garanti ikkje vert stilt straks etter avtaleinngåelse kan kjøpar holde tilbake alt vederlag inntil det er dokumentert at garanti er stilt. Kjøpars betalingsplikt inntrer ikkje før det er stilt garanti etter bustadoppføringslova § 12. Dersom seljar har tatt atterhald inntrer betalingsplikten for ev. forskudd sjølv om garanti ikkje er stilt. Dersom det er tatt atterhald og garanti ikkje stilles straks etter at atterhalda er bortfalt, eller byggearbeidene igangsettes, gis kjøper ein særskilt hevingsadgang. Kjøper kan då varsle selgjar skriftlig om at dei ønsker å benytte seg av hevingsadgangen. Seljar må gi ein frist på minimum ti virkedager for å bringa forholdet i orden. Seljar vil ikkje få instruksjonsrett over midlane før garanti etter bustadoppføringslova § 47 er stilt. Dersom seljar ikkje vel å stille garanti vil forskuddsbetalinga bero på meklars klientkonto inntil skøyte er tinglyst. Eventuelle renter av forskuddsbeløpet tilfaller kjøpar fram til garanti er stilt og til seljar etter at garantien er stilt.

    Betalingsbetingelser
    Betalingsvilkår Kjøpesum samt omkostnadar skal betalast inn i sin heilheit ved ferdigstilling/overtakingsdato. Ved eventuell forsinka betaling gjeld Lov om Forsinkelsesrenter av 17.12.1976 nr. 100. Oppgjer Med mindre anna er avtalt vert det føresett det at kjøpesum inkludert omkostninger er innbetalt og disponibelt på meglerforetakets klientkonto innan overtaking. Seljar kan velja å stille garanti etter bustad oppføringslova § 47 som sikkerhet for forskuddsinnbetaling. Dette innebærer at utbyggjar kan disponera forskuddsinnbetalinga frå kjøper frå det tidspunkt garantien føreligg. Eventuelle renter av forskuddsbeløpet tilfaller kjøper frem til garanti er stilt og til selger etter at garantien er stilt. Dersom seljar ikkje vel å stille garanti vil forskuddsbetalingen bero på meklars klientkonto inntil skøyte er tinglyst på kjøper. Betaling for ev. endrings- og/eller tilleggsarbeider vert bestilt direkte hos underleverandører og blir fakturert direkte frå underleverandør når vedkommende endrings- og/eller tilleggsarbeid er utført. Dersom forfall på faktura er forut for overtakelse, må seljar stille garanti i henhold til bustadoppføringslova § 47. Før noen del av kjøpesum blir utbetalt seljar må heimel til leilegheita være overført kjøper, jf. bustadoppføringslova §46

    Avbestilling
    Kjøpar har rett til å avbestille ytelsen før overtakelse som regulert i bustadoppføringslova § 52 og § 53. Ved avbestilling av hele ytelsen reguleres erstatningen av bustadoppføringslovens § 53, slik at Seljar skal ha erstattet heile sitt økonomiske tap ved kjøpar sin avbestilling. Kjøpar er gjort særskilt oppmerksam på at dette tapet ? og dermed kjøpar sitt økonomiske ansvar ved avbestilling ? kan bli betydelig, bl.a. avhengig av marknadsutviklinga frå kjøpekontraktens inngåing. Ved avbestilling før igangsettingstillatelse er innvilget påløper et avbestillingsgebyr på 5% av total kontraktssum (inkl. mva.). Ved avbestilling etter innvilgelse av igangsettingstillatelse påløper et avbestillingsgebyr på 10 % av total kontraktssum (inkl. mva.).

    Viktig informasjon
    Kjøpar kan ikkje nekte å overta leilegheita mot midlertidig bruksløyve sjølv om det gjenstår arbeider som nemnd over, eller arbeid står att på fellesområda. Det same gjeld dersom tinglysing av heimmelsovergang ikkje kan gjennomførast på overtakingsdagen. Eigedomen skal leverast i rydda stand og leilegheita skal være byggereingjort. Me gjer merksam på at det etter oppgjers- og overtakingsdato fortsatt kan pågå byggearbeider på eigedommen, medrekna arbeid med ferdigstilling av dei øvrige leilegheitene, fellesareal, tekniske installasjonar og utomhusarbeider. Generelle atterhald: Seljer tar atterhald om endringar i forhold til opplysningar gitt i salsoppgåva og teknisk skildring med hensyn til konstruksjon og materialval, fargeval og arkitektoniske løys ingar, herunder bl.a. mindre endringar av plan løysingar og vindaugsløysingar. Det vert spesielt tatt atterhald om endringar og justeringar som er hensiktsmessige og nødvendige for eksempel i samband til plassering av sjakter og kanalar, herunder innpassingar av kanaler/føringar og nedforing av himlingar som ikkje er vist på teikningane. Eventuelle endringar skal ikkje forringa det leverte produkt sin kvalitet og gir ikkje rett til prisjustering frå nokon av partane. Justeringar som skildra over kan også medføra mindre endringar i berekningsmessig bruksareal/p-areal, utan at dette gir rett til endring av kjøpesum dersom leilegheitene og prosjektet sitt ytre mål er tilsvarande som på salstidspunktet. Kjøpar er også forplikta til å godta dei endringar for bustaden som måtte følge av eventuelle krav satt av kommune eller anna offentleg styresmakt. Planteikningar og illustrasjonar som visar ulike innreiingsløysningar er meint som illustrasjonar for moglege løysningar, og inngår ikkje i standardleveransen. Teikningane i prospektet bør ikkje bli nytta som grunnlag for nøyaktig møbelbestilling. Både fordi endringar vil kunna førkome og fordi målestokkavvik vil kunna oppstå ved trykking/kopiering. Om det blir naudsynt å gjennomføra vesentlege endringar ut over det som er nemnd, pliktar seljar å varsla kjøpar om endringane utan ugrunna opphald. Endringar i lov eller forskrift, nye offentlegrettslege krav eller vedtak som regulerer forhold knytt til seljar sin yting, er kjøpar sitt ansvar med mindre seljar ved avtaleinngåing var kjent med, eller burde vera kjent med endringane. Ev. økte kostnader vert dekka av kjøpar. Slike kostnader vil føra med seg ei tilsvarande auke i det avtalte vederlaget for kjøpar. Seljar skal utan ugrunna opphald varsla kjøpar om endringane og dei konsekvensar dette inneberer. Kjøpar blir gjort oppmerksam på at alle skisser, frihands- og oversiktsteikningar i perspektiv, annonser, bilete og planar er føreløpige og utforma for å illustrera prosjektet. Dette materialet vil difor innehalde detaljar - eksempelvis beplantning, innreiing, møblar, tekst og andre ting - som ikkje vil inngå i den ferdige leveransen, og er ikkje å sjå som en del av avtalevilkåra for kjøpet. Slike avvik kan ikkje påberopast som mangel frå kjøpar si side. Seljar tar i detaljprosjektering atterhald om mindre endringar av utomhusanlegg og fellesareal. Seljar held seg rett til å leige ut, endre salsprisane og betingelsar på uselde leilegheiter utan forutgåande varsel. Seljar held seg rett til å forkasta eller akseptera bod utan å måtte grunngje dette Offentlege atterhald: Kjøpar aksepterer at det på eigedommen kan å hefta servituttar/erklæringar som offentlege styresmakter kan krevje deriblant erklæring som regulerer drift og vedlikehald av fellesområde, drift og vedlikehald av energi nettverk m.m. Denne salsoppgåva er utarbeidd på grunnlag av opplysningar motteke frå det offentlege, seljar og seljar sine leverandørar. All informasjon er godkjent av seljar.

    Hvitvaskingsloven
    Megler har plikt til å gjennomføre kundetiltak. Hvis kjøper ikke bidrar til at megler får gjennomført kundetiltak og dette fører til at transaksjonen ikke kan gjennomføres eller blir forsinket, misligholder kjøper avtalen. Etter 30 dager er misligholdet vesentlig. Dette gir selger rett til å heve og gjennomføre dekningssalg for kjøpers regning.

Dokumenter

Elisabeth Nonås Fylkesnes

Megler

Elisabeth Nonås Fylkesnes

97 06 16 85

Send e-post

Få beskjed når lignende
boliger kommer for salg

Få en verdivurdering

Siste boliger

Meld deg på vårt nyhetsbrev