Solgt
Velkomen til Grønåsen 37B - Presentert av Elisabeth Nonås Fylkesnes i Aktiv Eiendomsmegling Sunnhordland
Grønåsen 37B er ein moderne og kjekk del av tomannsbustad over to etasjer. Det er carport rett utanfor døra, med tilhøyrande bod bak.
Kjøkenet er eit moderne og stilreint kjøken med slette frontar og overskap til taket i ein behageleg beige farge.  Det er god skap- og benkeplass. 
Det er vindauge mellom kjøkenbenk og overskap, som gir ekstra godt med lysinnslepp.
Det er store vindauge med storslått utsikt og godt med lysinnslepp. Her kan ein verkeleg nyte utsikta utover Våge, nærområdet, sjøen og fjella.  Det er peisomn som gir god varme, i tillegg til varmepumpe.
Det er ei open løysing med kjøkenet, med god plass til etstove og ein sofakrok om ein ynskjer det.
Hovudsoverommet er av god storleik, og har god plass til dobbeltseng, nattbord og stor plassbygd skyvedørsgarderobeløysing.
Det er og ei bod med balansert ventilasjonagregat og god plass til oppbevaring eller kleskap inne på soverommet.
Badet i hovudetasjen har fliser på golvet med varmekablar, dusjhjørne, servant i møbel med skap og toalett.
Badet i 1.etasje. Det er mogleg å ha vaskemaskin her.
Det er open trappeløysing ned til underetasjen.
Her er det ei kjekk tv-stove med utgang til terrassen i front.
Det er god plass til sittegrupppe og tv-krok.
Soverommet i underetasjen har ein stor skyvedøragarderobe og det er plass til seng og nattbord.
Badet i underetasjen er av god storleik og er innreia med servant i møbel, dusj og toalett.
Det er og tilkomst til ei bod/teknisk rom med skyvedør framfor som går inn under trappa. Her er det opplegg for vaskemaskin og tørketrommel.
I framkant av bustaden så er det ein stor og kjekk terrasseplatting på ca. 50 kvm. Den vart sist beisa sommaren 2024.
Bustaden har ein solrik veranda i front med utgang frå kjøkenet, med flott utsikt utover Våge og sjøen.
Utsikta er meget flott!
Det er god plass til sittegruppe, solstol og grill på terrasseplattingen
Terrassen
Oversiktsbilete av eigedommen.
Inngangspartiet. Det er god plass til parkering ved inngangspartiet på bustaden i tillegg til carporten. Det er ei  utebod i bakkant av carporten som høyrer til bustaden.
Bustaden høyrer til eit sameige med 4 bustader fordelt på tomannsbustader. Velkomen til visning!
1 / 23

TYSNES Grønåsen 37B

Moderne og kjekk del av tomannsbustad over 2 etasjer med carport | Storslått utsikt, 2 soverom og 2 bad | Visning 10.12

  • kr 2 490 000
  • BRA-i 82 m²
  • 2 soverom
  • Prisantydningkr 2 490 000
  • Omkostningerkr 63 490
  • Totalpris inkl. omkostningerkr 2 553 490
  • ObjektstypeTomannsbolig
  • EierformEierseksjon
  • Byggeår2014
  • Soverom2
  • Tomt1 179 m²
  • Eierform tomtEiet
Illustrert planteikning av hovudetasjen, avvik kan forekomme.
Grøåsen 37B har ein romsleg og lys entré med god plass til å henge i frå seg yttertøy og sko.  Det er plassybygd skyvedøragarderobe i entréen.

Grønåsen 37B, Vestland

Elisabeth Nonås Fylkesnes

Eiendomsmegler MNEF / Partner

Elisabeth Nonås Fylkesnes

97 06 16 85

Send e-post

Få en verdivurdering

Meld deg på vårt nyhetsbrev